Wir verwenden Cookies, um Inhalte und Anzeigen zu personalisieren, Funktionen für soziale Medien anbieten zu können und die Zugriffe auf unsere Website zu analysieren. Details ansehen…
Ørsta Røde Kors Hjelpekorps

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps

strandgata 21, Ørsta, 6150, Norway

Anfahrt

Telefonnummer hinzufügen

Kategorien
Arbeitszeit Informationen hinzufügen
Über uns Hjelpekorpset har møtekveldar måndagar kl 19.00. Terminlista og meir info finn du på:
https://www.ørstarødekors.no/nyheter/terminliste-for-hjelpekorpset
Ørsta Røde Kors Hjelpekorps cover
Beschreibung Hjelpekorpset i Ørsta har brei erfaring frå søk og redningsoppdrag. Vi har opparbeidd oss eit godt depot med mykje utstyr som trengs i dei forskjellige oppdraga. Vi har delt korpset inn i ulike "grupper" etter emner og etter folk sin kompetanse og interesse.

-Skredgruppa (felles med volda) ei av fem Røde Kors skredgrupper i landet.

-Vannredningsgruppe. Vi har to båtar ein Polarcirkel 560 og ein Steady 320. Vi har også vedtatt innkjøp av to stk kayakar, som skal nyttast til søk langs strandkanten.

-Brattgruppe. Vi har fått tildelt pengar frå Sparebank1 søre sunnmøre til å starte opp igjen denne gruppa etter nokre år med litt stillstand. Vi har mange medlemar med god kunnskap innan klatring og bratt lende. Med desse pengane vil det gi oss råd til å kjøpe nytt utstyr og høve til å nytte denne kompetansa.

- Depotgruppe

- Sambandsgruppe

- Transportgruppe. Vi har to bilar av typen Pajero, to skuterar av typen Lynx Commander.

- RØFF- Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv er for born i ungdomsskulealderen. Ørsta er einaste korpset i Møre og Romsdal som har ei godt etabler RØFF gruppe. Dei har aktivitetar annakvar tysdag. Dei har eiga facebookside.

Hjelpekorpset driftar tryggleiksalarmane i kommuna som gir gode inntekter for korpset. Her går nokre av medlemane i fast seks vekers turnus.

I tillegg har vi inngått avtale med Ørsta skisenter om skipatruje. Dette gir våre medlemar mulighet til å ha det kjekt på ski, samstundes som vi får bruke og øve på vår førstehjelpskunnskap.

I november vil største delen av aktiviteten til hjelpekorpset gå med til salg av adventskalenderar. Dette er ØRKH si hovedinntektskilde og vi er imponert og stolte av innbyggarane våre som vil vere med å støtte oss med å kjøpe ein kalender eller to.I tillegg er det lokale næringslivet flinke til å vere med å støtte kalenderen i form av reklamer og/eller premiar.
Kalenderen kostar som tidligare år 100kr.
Gegründet 08/10/1941
  • strandgata 21, Ørsta, 6150, Norway
  • Anfahrt

Ähnliche Orte in der Nähe