We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Tuesday
17
APR

Aktivisering, søk og hobby

18:00
19:30
Canis Hundeskole avd. Bergen
Event organized by Canis Hundeskole avd. Bergen

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Har du lyst til å vere aktiv med hunden din, men veit ikkje heilt korleis og med kva? Finn ein hobby du og hunden kan ha saman!

Me gløymer lett kor viktig det er med mental trening. Hunden får maten servert på fat, har hus og heim, går tur i stort sett kjente omgivnader, og har generelt lite behov for å måtte løyse kvardagsproblemer med korleis få tak i mat, tak over hovudet og liknande. Det har skjedd store ting med hundehaldet dei siste 100 åra, og kvardagshunden har no lite "jobb" i forhold til før. Mental aktivisering og problemløysing gir hunden mestringsfølelse, reduserar stress, aukar samhaldet med førar og du får ein glad og tilfreds hund som fungerar godt i kvardagen. Og gir dykk begge eit rikare liv!

Hunden treng mental aktivisering kvar dag for å trivast, og det treng ikkje vere vanskeleg eller tidkrevande å skape "problemer" som hunden må løyse. Å vere i aktivitet og å bruke hovudet er svært viktig for å utvikle sjølvstendighet, mestring og sjølvtillit, som skapar ein trygg og glad hund.



Me brukar hunden sine eigne sansar, og særleg nasen, til å lage "problemer" for hunden som den må løyse, men finn og nye måter å nytte kvardagssituasjonar både inne og ute til å gi hunden nye utfordringar. Du får tips til aktivitetar du kan gjere på tur, ute i hagen, eller inne i stova på dei verste regnværsdagane.





Me vil gå gjennom
Mental aktivisering og hunden sine behov
Enkel innføring i klikkertrening
Oppgaver med nasearbeid og søk
Problemløysing med bruk av kropp, nase og hovud.
Balanse
Leik
og litt nye triks!

Me tilpassar oppgåvene til den enkelte hund og gruppe.

Kurset går over sju gongar frå kl 18:00 til 19:30, første kvelden er teori utan hund.

Datoar:

17. april
24. april
01. mai
08. mai
15. mai
22. mai
27. mai Obs - søndag (dagtid)

Passar for alle hundar og eigarar, alle rasar og aldre!

Instruktør Mari Lægreid