We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Wednesday
11
APR

KRIG: Den mektige musikken

20:00
22:00
Studentersamfunnet i Bergen
Event organized by Studentersamfunnet i Bergen

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Studentersamfunnet vel kvart semester eit tema som me meiner bør få ekstra merksemd. Dette semesteret har me dedikert heile veka til temaet "krig". Under finn de fleire arrangement knytta til dette:
KRIG: Hvorfor Midtøsten?
KRIG: Cybermakt
KRIG: Livet etter
Helhus: Stjernekrig // Silent Disco

Taktfaste trommer og majestetiske trompetar. Musikk kan skildre mot, fedrelandskjærlighet og storslagne sigrar. Musikk har alltid hatt ein viktig rolle i det militære og alle land med respekt for seg sjølv har militærorkester for seremonielle anledingar. Bli med oss når me skal diskutere militærmusikk og propaganda i Noreg og verda i dag!

INNLEIARAR:
Kirsten Leidland, Musikkaptein i Luftforsvarets musikkorps
Peter Bryngelsson, Undervisar ved Musikhögskolan i Malmö
Rune Ottosen, Professor i journalistikk ved OsloMet - Oslo Metropolitan University

Musikk kan nyttast til mange føremål, krig er eit av desse. Frå middelalderen og fram til den fyrste verdenskrig, vart marsjmusikk og signal med fløyter og trompetar nytta for å signalisere kommandoar og halde orden i soldatar som marsjerte i formasjon på slagmarka. Med inntoget til moderne krigføring såg man at dette reint praktiske elementet gikk over til å bli utelukkande symbolsk. Hadde militærmusikken utspelt si rolle?

Den storstilte propagandabruken i det 20 århundre inkorporerte også militærmusikken i forsøk på å motivere befolkningen mot endelig siger. Dette være seg Sovjet-Russland eller Nazi-Tyskland, begge nytta seg av sine lands militære musikktradisjon for å motivere både sivile og militære.

Rune Ottosen, professor i journalistikk ved OsloMet - Oslo Metropolitan University, snakkar om kva propaganda er. Kirsten Leidland, musikkaptein i Luftforsvarets musikkorps, fortel om militærmusikken i vår eiga tid. I tillegg kjem Peter Bryngelsson, som underviser i musikkomposisjon ved Musikhögskolan i Malmö og har skrive boka Musik på blodigt allvar. Bergen Filharmoniske Orkester kjem også i form av Bergen Brass Quintet.

Du treng medlemskap for å delta på arrangement i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Medlemskap er ope for alle, og kan kjøpast i døra for 50 kr. Dette gjev deg fri inngang på alle ordinære arrangement inneverande semester.

Møtet finn stad i Storelogen på Det Akademiske Kvarter.