We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Tuesday
10
APR

Bipolar liding - ein temakveld

19:00
21:00
Fjell kommune
Event organized by Fjell kommune

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Fjell folkeboksamling vil i første halvdel av 2018 arrangera to ulike temakveldar kring psykisk helse. Denne kvelden er temaet bipolar liding. Bipolar liding er ein samlenemning på psykiske helseplager der kraftige variasjonar i oppførsel og humør er nokre av kjenneteikna. Ein som har en bipolar lideling kan ha store svingningar, og tilstanden kan pendle mellom djup depresjon og passivitet til oppstemthet og ein svært aktiv væremåte - også kalt mani. Mange lever godt med ei bipolar liding med rett behandling og eigen innsats. Det blir gjennomgang av lidinga, også med vekt på å leve best mogeleg som pasient eller pårørande
Program
Føredrag ved Øystein Elgen, psykiater frå Øyane DPS. Øystein Elgen har vore overlege ved Allmenn døgnavd på Øyane DPS sidan opninga i 2011. Han har mykje erfaring i å formidle.

Pause
Innlegg ved erfaringskonsulent frå Svein Nygaard frå Bipolarforeninga. Ein erfaringskonsulent er ein person med eigen erfaring med psykiske helseplager anten som pasient eller pårørande. Erfaringskonsulenter jobbar på system og individnivå i norsk helsevesen

Arrangementet er eit gratis tilbod for:
- alle interesserte
- pasientar/brukarar
- pårørande
- tilsette
- helsepersonell
- studentar
Det blir enkel servering. Alle er velkomne!
Arrangementet vare ca 2 timar
Arrangementrekkja er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Helse Bergen, Mental helse og Fjell kommune