We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Wednesday
11
APR

Edda - starten på den nordiske litteraturen

19:00
21:30
Hadeland dialekt- og mållag
Event organized by Hadeland dialekt- og mållag

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Forfattar Knut Ødegård gjendiktar samtlege eddadikt i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta.
Møt Ødegård i samtale med Arnfinn Nilsen kring desse dikta.

EDDADIKTA er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom.

Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var. Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island. Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå generasjon til generasjon – inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet.

Inngang kr 100,-. Servering.

Other events by
Hadeland dialekt- og mållag