We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Wednesday
11
APR

Substans og essens. Møt Eva Schjølberg i utstillinga OUSIA

19:00
21:00
Hå Gamle Prestegard
Event organized by Hå Gamle Prestegard

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

SUBSTANS OG ESSENS
Omvising i utstillinga Ousia og foredrag
med kunstnar Eva Schjølberg
onsdag 11. april kl. 19.00 – 21.00

«Et tekstil er som et blankt ark, - et utgangspunkt for nye uttrykk, åpent for uante muligheter. Jeg kan tilføre farge, mønster, tekstur, og videre forme og komponere installasjoner i forskjellige miljøer inne og ute. Det som tiltrekker meg ved tekstil er at materialet er så variert, det finnes så mange kvaliteter som gir helt forskjellige resultater, og jeg oppdager stadig nye som inspirerer til videre eksperimenter». Eva Schjølberg

Verket i utstillinga OUSIA består i eit større antal nye arbeid i silke. Det er laga spesielt til nye løa på Hå gamle prestegard. Geometrien i rommet, dei synlege bærekonstruksjonane og fråvær av dagslys har vore viktige utgangspunkt for utstillinga. Rommet og kunsten blir ett verk.

Denne kvelden på Hå vil Eva Schjølberg snakke om korleis ho har arbeida fram mot utstillinga; - kva som har inspirert henne og korleis ho har planlagt arbeida og installasjonen. Videre vil ho fortelja om korleis kunnskap frå mange års studie i Japan av japansk kultur, kunst og handverk kjem til uttrykk i utstillinga. Utstillingas tittel: OUSIA, kan oversetjast med substans og essens.

Schjølberg er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1982-86, MA 1990) og hadde eit japansk statstipend ved Kyoto Institute of Technology, 1987-89, samt vidare forsking i Japan frem til 1995. Ho har hatt ei rekkje utstillingar i Norge og utlandet og er kjøpt inn av mellom andre Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Kulturråd

Kr 200,- inkl. kveldsmat Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660