We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Thursday
12
APR

Ferdaminne frå Troja til Vestlandet

19:30
21:30
Hauge-senteret
Event organized by Hauge-senteret

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

I den nye temautstillinga som opnar på Hauge-senteret utforskar vi korleis poesi blir brukt i ulike reiselitterære verk. Utgangspunktet er Aasmund Olavsson Vinje sine Ferdaminne frå sumaren 1860. Tomas Espedal er ein av forfattarane i utstillinga, og ein som har lete seg inspirere av Vinjes reiselitteratur. Han kjem til opninga for å lese og fortelje, og ta oss med på ei litterær reise.

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og det er Vinje sine mangfaldige og rike reiseskildringar som har gjeve inspirasjon til temautstillinga «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet». Med Ferdaminne skapte Vinje det første store litterære verket på nynorsk. I reiselitteraturen er derimot boka eit lite punkt i ei mykje eldre linje. Utstillinga syner korleis poesi blir brukt i ulike reiselitterære verk, frå Homers Odysseen til Erlend O. Nødtvedts Vestlandet.

Ein av forfattarane som har fått plass i utstillinga er Tomas Espedal. I boka Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv, byd forfattaren på forteljingar og fotturar i Bergen og Osterøy, Frankrike og Hellas. Espedal skriv også om andre vandringsforfattarar som Arthur Rimbaud, D.H. Lawrence og A. O. Vinje. Espedal kjem for å snakke om Aasmund Olavsson Vinjes Ferdaminni og å lese frå eigne verk.
Utstillinga opnar torsdag 12. april kl. 19.30 på Hauge-senteret. Espedal les og fortel på Den grøne kafé kl. 20. Bli med på ferda!

Fri inngang.