We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Tuesday
10
APR

Kveldstrikk

19:00
21:30
Herøy Frivilligsentral
Event organized by Herøy Frivilligsentral

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Strikking et populært for tida, i alle aldrar. Mange ulike design, fargar og garntyper - instagram er det store mediet for å få inspirasjon til nye kjekke prosjekt til både store og små. Nokre er «skapstrikkarar» medan andre ikkje går nokon stad utan å ha med minst eit prosjekt i strikkeposen. Nokre er heilt ferske i gamet, andre litt meir erfarne. Nokre synast det er kjekkast å strikke heilt åleine, andre vil gjerne ha litt selskap medan dei strikkar. Nokre treng kanskje litt hjelp, nokre treng kanskje litt inspirasjon, medan nokre har lyst til å lære litt fleire teknikkar eller få hjelp med eit vanskeleg mønster.
Kvar torsdag kl 12-14 er det strikkekafe på frivilligsentralen, men ein tysdag pr månad et det open strikkekafe på kveldstid, slik at dei som er på jobb dagane også får tilbud om å delta. Det er sosialt og kjekt og vi håpar at du har lyst til å ta turen innom, gjerne ilag med ei veninne som du trur ville synes dette er kjekt for. Håper at vi treff deg, du er hjerteleg velkomen! 💞