We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Saturday
14
APR

Storbandaften Larris Scene

20:30
23:30
Larris Scene
Event organized by Larris Scene

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

LØRDAG 14. APRIL: Storbandaften Larris Scene - Jølster Musikklag & Erik Smith ...konsert på Larris Scene!

- Konsertstart kl 20:30
- Bill. kr. 220,-


Jølster Musikklag og Dirigent Arvid Anthun inviterar med gjester til storbandaften. De får høyre flott storbandmusikk der vi har med sangsolistane Hilde Hegrenes, Ellen Svidal og Sigbjørn Hvidsten. I tillegg har vi gleda av å spele saman med Erik Smith, ein av dei mest respekterte og allsidige trommeslagarane i Europa.


Jølster Musikklag (JML) starta opp i 1953, og har markert seg som det fremste brassbandet i Sogn og Fjordane, med gode plasseringar i NM for Brass. Vi er ein gjeng ”brassnerdar” frå Førde, Fjærland, Gaular, Gloppen, Solund og Jølster som øver kvar måndag. Saman med vår faste dirigent Arvid Anthun øver vi inn musikk i ulike sjangrar og har hatt konsertar med alt frå afrikansk musikk, Brass og Boge der vi kombinerte brassklang og folkemusikk, til operette med Nordic Tenors.

Smith har jobba saman med artistar som Michael Bolton, Art Garfunkel, Neil Sedaka, Josh Groban, Donna Summer, Engelbert Humperdinck, John Miles, Boney M, Johnny Logan, Wenche Myhre, Lisa Nilsson, Carlene Carter, Al Jearrau og Randy Crawford.
Erik var den første skandinaviske trommeslagaren som byrja med omfattande turnéverksemd for å inspirere og lære bort. Han har halde kurs og meisterklassar i Skandinavia, Island, Tyskland, USA, Tyrkia, Kina og Sør-Afrika. I 2003 spelte han på Yamaha Groove Night i Los Angeles. I 2004 underviste han på verdas største og mest prestisjefylte tromme- og perkusjonshending PASIC i Nashville.
I dag underviser Erik i trommesett på Norges musikkhøgskole. Han gir også meisterklassar og held kurs for storband, skular, universitet og private firma. Han har mottatt Spelemannsprisen og har si eiga faste spalte om trommespel i det leiande musikkmagasinet i Noreg, Musikkpraksis. I 2010 vart han utnemnd til æresdoktor ved Xian Xi-universitet i Kina.

Venue

Larris Scene