We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Friday
25
MAY

Jentetur til Nordfjord

08:00
14:00
Fjeldfolk
Event organized by Fjeldfolk

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

O P P T U R !
Har du lyst på ei uforgløymeleg oppleving i spektakulære omgivelser med livsglade damer? Bli med oss på jentetur til fantastiske Olden og Loen!
I mai ligg det framleis snø på toppane, medan skogen er irrgrøn og vatnet farga turkist av smeltevatn frå breane.
Dette set ramma for nokon av dei vakraste kontrastane naturen har å tilby!
Vi garanterer at du også får utfordra deg, kjent på meistring, ledd mykje og kjem heim med hjertet sprekkfullt av glede!

Program:

Fredag: ankomst Melkevoll Bretun i Oldedalen kor vi skal bu ei steinalderhole med reinsdyrskinn på benkane, fyr i bålet og levande lys i veggane. Her blir det deilig middag, kveldskos og informasjon om kva som skal skje laurdagen.
Vi pakkar sekkane klare for Lørdagens eventyr!

Laurdag: Via Ferrata til fjellet Hoven (1020 moh)
Vi et frukost, lager niste og set kursen mot Loen. Her skal vi klatre den berømte Via Ferrata løypa!
Vi bruker god tid oppover og tek matpause undervegs.
På toppen blir det fotoshoot i kjole for dei som ønsker det, før vi tek skyliften til Loen.
Attende i campen ventar levande lys, bål og middag.

Søndag: Briksdalsbreeen
Etter frukost blir det ein trivelig spasertur opp til den mektige Briksdalsbreen som er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjestar frå heile verda. Vi vil fortelle om historia rundt breen, kordan ferdast på den samt om klimaets påvirking på at breeane smeltar.

Du treng inga turerfaring for å bli med på denne turen. Via Ferrata er er forholdsvis enkel klatrerute, med nokre luftige parti kor du får kjenne på høgda.
Vi brukar klatreselar, hjelm og sikringar på ferden oppover jernruta i fjellsida. Du treng ikkje gå over gjølmunnebrua viss du ikkje vil, men dei aller fleste gjer det likevel sjølv om dei ikkje trudde dei turte!

Vi ønsker at du slepp ned skuldrane, tek deg sjølv uhøgtidelig og er open for å utfordre deg sjølv, leike og lære. Vi skal ta godt vare på deg, og gje deg ei oppleving du aldri vil gløyme!

Pris :
3900 ved påmelding innan 01. mai
4500 ved påmelding etter 01. mai

Max 20 plasser!

Dette er inkludert:
2 overnattinger i steinhole på reinsdyrskinn
2 middager
Leige av Via Ferrata Utstyr
Tur med Loen Skylift
Guiding til Briksdalsbreen søndag
Ferdig redigerte bilder frå turen
Film frå turen
Nye venner
Ei oppleving for livet

Turguider er:

Ingeborg Sol Fure @solfure
Sandra C Hatlestad Hove @sandracathrin