We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Thursday
12
APR

Plateverkstad med Jørgen Tjemsland

21:00
23:00
Nasjonalt Garborgsenter
Event organized by Nasjonalt Garborgsenter

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Jørgen Tjemsland har funne inspirasjon i bibelen og Arne Garborgs «Bondestudentar» når han har laga songen han skal presentera denne kvelden. Signe Irene Time kjem også for å framføra nokon av sine låtar. Med seg har ho Jørgen Tjemsland på kor og eit knippe dyktige musikarar som skal losa dei begge gjennom kvelden.

Forrige gong fekk Jørgen fleire gode stikkord frå publikum. Desse har han brukt til å snekra saman ei ny låt. Kom å høyr kva ord som har fått plass i den nye songen «Daniel Braut i løvehulen».

- Nå står det stilt
- Buss for tog
- Bondestudentar
- Spiker
- Lommeringt
- Tjelva
- Blandaball
- Ånnas
- Mannabrus
- Kvemleia

Jørgen Tjemslands plateverkstad er eit prosjekt der låtskrivaren gjennom en konsertserie på 12 konsertar snekrar saman eit nytt album. Målet er å halda ein konsert i månaden til han har satt saman 12 nye songar. Gjennom å legge press på seg sjølve og overlata kontrollen til publikum satsar Jørgen på å finna inspirasjon til å laga eit nytt album i løpet av det komande året.