We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Wednesday
25
APR

Ver med å byggje framtid for di kommune! Ope møte.

18:00
21:00
Operahuset Nordfjord
Event organized by Operahuset Nordfjord

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Å utvikle og styrkje lokaldemokratiet er ein viktig målsetnad for alle kommunar. Vi ønskjer å gje innbyggjarane gode moglegheiter for demokratisk deltaking - men skal vi lukkast med å skape eit sterkt lokaldemokrati må vi saman med innbyggjarane ta ansvar for at det skjer! Eit demokratisk og rettferdig samfunn føreset engasjerte innbyggjarar som aktivt deltek i viktige politiske avgjersler. Kjem rekruttering til og motivasjon for politikk i ubalanse, vert lokaldemokratiet svekka.

Stad 2020 ønskjer å invitere alle i Eid/Selje og våre nabokommunar til eit avspark for framtidas lokaldemokrati, der vi i fellesskap drøftar kva som skal til for å få opp engasjementet for politisk deltaking.

Arrangementet er ope for alle innbyggjarar og folkevalde! Det er ingen bindande påmelding til arrangementet, men vi håpar du sett av kvelden og kjem #fordi det angår deg!

Other events hosted by

Operahuset Nordfjord

Other events by
Operahuset Nordfjord