We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Sunday
03
DEC

Film på Oseana: Mirakelet i Moldova m/Hans Bjørn Bakketeig

19:00
21:00
Bygdekino på Oseana
Event organized by Bygdekino på Oseana

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Bli med på spesialvisning av filmen MIrakelet i Moldova med Hans Bjørn Bakketeig tilstades!

Sidan 2001 har Hans Bjørn og Tatiana hjulpe mange tusen menneske i Moldova, og gjeve dei eit betre liv ved å tilby synsundersøkelsar, briller og andre hjelpemedel for å sjå betre. I eit politisk uroleg Moldova står no imidlertid klinikken i fare. Arbeidet for å hjelpa dei meste utsatte i samfunnet fortoner seg som ein endelaus kamp mot byråkrati, korrupsjon og fattigdom. Det trengs rett og slett eit vaskeekte mirakel for å redda klinikken.

Den inspirerande dokumentarfilmen MIRAKELET I MOLDOVA, skildrar Hans Bjørn og Tatianas reiser rundt om i Europas fattigaste land, med sjølvpålagt mandat om å gje innbyggarane i landet synet tilbake. På mange av barneskulane dei besøker oppdagar dei fleire elevar med synsproblem enn utan. Som den eineste optikaren i landet, kjempar Hans Bjørn ein tung og einsam kamp for å etablera klinikken for synshemma. For kven kan ein eigentlig stole på når dei ein tidligare samarbeida med plutseleg havnar i fengsel etter anklager om korrupsjon?

Visninga er tilaten for alle og billetten kostar 100 kr.

Vel møtt!