We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Saturday
14
APR

Bajazz! Papegøyene!

13:00
15:00
Oseana Kunst & Kultursenter
Event organized by Oseana Kunst & Kultursenter

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Vårens aller siste Bajazz på Oseana – gå ikkje glipp av denne barne- og familiekonserten med PAPAGØYENE!

Papagøyene er eit festlig band. Alle medlemmane er blant dei fremste musikarane i Bergen og strøka utanfor (og utanfor der også). Her er det kvalitet i alle ledd, frå olboge til kne. Dei spelar musikk frå Brasil og andre varme strøk, pluss kjente barnesongar i «samba/reggae/hei hvor det går-versjon». Her skal det syngast og dansast både på scena og blant publikum.

Papegøyene blei starta og er leia av Asbjørn Sundal – han er perkusjonist, kurshaldar, komponist og lærar. Han har over 20 års erfaring som musikar både i Bergensområdet og elles i Sør-Noreg. Han har dei siste 10 åra hovudsakeleg jobba med teatermusikk, både som komponist/lyddesignar i tillegg til workshops og prosjekt med DJs.

Velkomen til zoologsik konsertstemning!

Ord: 100,-­ BT Fordel: 80,­- Born under 2 år: Gratis