We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Wednesday
04
JUL

Cassie & Maggie

20:00
21:30
Førdefestivalen
Event organized by Førdefestivalen

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Det har vorte ein flott tradisjon for Førdefestivalen å legge ein festivalkonsert til Florø, og også i år skjer dette i samarbeid med Quality Hotel Florø - og Haavebua er ein perfekt arena for akkurat denne konserten!

Denne onsdagskvelden presenterer vi ei perle av ein konsert som bør appellere til alle som likar irsk folkemusikk. Cassie og Maggie MacDonald er den nye superduoen i Kanada, og stikk av med den eine folkemusikkprisen etter den andre. Søstrene har sin eigen spesielle miks av keltisk tradisjonsmusikk og moderne folkemusikk og byr på gnistrande spel på fele, piano og gitar, og ikkje minst ‘søsken-harmoniar’ på vokal. I tillegg dansar dei kanadisk steppdans som proffar. Som sagt, er du fan av irsk og keltisk folkemusikk, er dette heilt klart noko for deg!