We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Wednesday
23
MAY

Tett på // Spelmannskveld med CD-lansering

19:00
21:00
Rudi Gard
Event organized by Rudi Gard

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Sør-Fron og Mukampen Spelemannslag har jamt hevda seg i toppen i landsomfattande tevlinger dei siste tiåra. Denne kvelden gjev dei smakebitar av repertoaret for festivalsommaren – tett på, i låvepøbben på Rudi.

Folkemusikken i Midt-Gudbrandsdalen er stadig på opptur, og det har vel knapt nokon gong vore så mange spelemenn som i dag. Da godt å ha rike kjelder å ause av. Plateselskapet Talik og primus motor Rasmus Stauri lanserer rykande fersk Cd som dokumenterer og heidrar sentrale kjelder i spelmannsmusikken i midtdalen.

Billett 190,- / 100,- under 18 år

Meny: Gardskafé

***

Den historiske og høgst levande kulturgarden Rudi ligg idyllisk og innbydande til i solhellinga midt i Gudbrandsdalen. Eit entusiastisk vertskap byr på ypperleg lokalmat, hjertevarm atmosfære og gjerne ein god prat. Sjekk ut heimesida www.rudigard.no for fleire smakebitar.

Velkomen til gards - vi held ope frå kl 18.

Venue

Rudi Gard