We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Saturday
02
JUN

Vårfest med Hillbabies & Byting

21:00
23:00
Rudi Gard
Event organized by Rudi Gard

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Vår blir til sommar og det er tid for ein god fest. Du kan starte kvelden med å reservere bord for eit godt måltid frå Rudikjøkenet, og grillen er varm utover kvelden slik den alltid er på sommarlege festkveldar.

Hillbabies er ein eminent gjeng musikarar frå Gudbrandsdalen som i årevis har hatt godfølelse langt inn i ryggmargen av å høre orginalen – Hellbillies! Med stor respekt for orginalen er det sett saman eit sett med favorittlåtar henta frå den enorme katalogen – frå «Sylvspente boots» i 1992 til «Søvnlaus» i 2016. Bli med på Hillbabies sin hyllest til Hellbillies!
Simen Bjørkli Stubbrud - gitar/mandolin/vokal, Syver
Fossen – gitar/mandolin, Steinar Flatemo – piano/orgel/
trekkspill/vokal, Svein Ivar Sæther – trommer, Tormod
Myrvang – vokal/bassgitar.

Telemarksbandet BYTING har opparbeidd seg ei stor fanskare og dei samler horder med festglade folk til sine konsertar landet rundt. Dei byr på med vaskeekte og sjølvlaga låter, eigne tekster – rett og slett folkrock til å bli glad og yr av!

Bill kr 330,- Aldersgrense 18 år.

Meny: Godt frå Rudigrillen

***

Den historiske og høgst levande kulturgarden Rudi ligg idyllisk og innbydande til i solhellinga midt i Gudbrandsdalen. Eit entusiastisk vertskap byr på ypperleg lokalmat, hjertevarm atmosfære og gjerne ein god prat. Sjekk ut heimesida www.rudigard.no for fleire smakebitar.

Velkomen til gards - vi held ope frå kl 18.

Venue

Rudi Gard