We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Sunday
01
APR

Haugtussa

18:00
19:00

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Fascinerande og lokkande
Haugtussa frå 1895 (Arne Garborg) er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur. Veslemøy har fascinert kunstnarar i over hundre år. Mellom tidlegare kunstnarar som har late seg inspirere er Edvard Grieg, Håkon Bleken og Ketil Bjørnstad. I løpet av framsyninga møter Veslemøy daudingar og underjordiske, vonde krefter både i og utanfor seg sjølv. Og ho møter kjærleiken for første gong – og den store smerta. Men i berget lokkar Bergekongen, som lovar henne alt godt…

"Poetisk og rå" (VG)
"Ane Dahl Torp trollbinder oss" (Vårt Land)

Haugtussa var eigentleg tenkt til å bli vist nokre få gonger, men no har stykket gått for fulle hus i tre år, vore på turné og spelt over 100 gonger.
Alder: Vi tilrår framsyninga frå 13 år.

Manus: Ane Dahl Torp
Musikk: Sjur Miljeteig
Regissørar: Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby