We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Thursday
05
APR

Møte for lag og organisasjoner i Sveio kommune

19:30
21:30

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Det blir møte for lag og organisasjoner i Sveio kommune i Auditoriet på Vigdartun, torsdag 5. april fra kl. 19.30.

Tema:

Oppretting av amatørkulturråd i Sveio og i Sunnhordland etter modell frå idrettsråda v/Belinda Teikari, Sveio idrettsråd og Lilly K. Helland.

Det skal utnemnast representantar frå Sveio til det regionale amatørkulturrådet i Sunnhordland innan 7. april. Føremålet med rådet er å:

få noko tilsvarande Idrettsråd for kultur
ha ei stemme fra lag og organisasjonar (kultur) inn til kommunen og fylket ha eit kontaktpunkt for kommunen og fylket ut til lag og organisasjonar kunne utveksle erfaring og kunnskap mellom de forskjellige Sunnhordalands kommunene, samt lag og organisasjoner i kommunen.
Me vil òg diskutere om det skal opprettast eit lokalt amatørkulturråd tilsvarande Sveio idrettsråd.

Informasjon om Sveio frivilligsentral og årets TV-aksjon v/Victoria Linnerud, Sveio frivilligsentral. Victoria informerer om kva frivilligsentralen arbeider med for tida, og om gjennomføringa av årets TV-aksjon som skal gå til Kirkens bymisjon.

Frivilligplan og utarbeiding av frivilligpolitikk for Sveio kommune v/Ellen Tveit.
Det er nyleg vedtatt at det skal utarbeidast ein frivilligpolitikk for Sveio kommune. Denne politikken skal koma til uttrykk gjennom ein plan som omfattar heile det frivillige feltet i Sveio, og særleg samarbeid og samhandling mellom kommunal og frivillig sektor.

Velkommen! :)