We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Friday
08
JUN

Heddadagene: Invasjon!

19:30
17:15
Teater Manu
Event organized by Teater Manu

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Sogn og Fjordane Teater gjestespiller på Teater Manu med "Invasjon!"

Spilles kun to dager:
Fredag 8. juni kl. 19:30
Lørdag 9. juni kl. 16:00

Kven og kva er Abulkasem? Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Abulkasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.

Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordømming i sving og stiller betimelege spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Hans leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland.

Regissør Frode Gjerløw har tatt fatt på Khemiri si fortejling med hovudet og hjarte som kompass. Saman med skodespelarane leitar han etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn. Han spør; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon!

Om framsyninga blir det sagt:
"Det er scener ein kjenner seg att i, pinlege augneblinkar, komiske situasjonar, vonde små historier. Det er latter som vert sitjande fast i halsen og tårer som ingen veit heilt kor kjem i frå. Er det medkjensle for dei som aldri vert norske nok, eller utanlandske nok? Eller er det skamtårer over eigne avkledde fordommar?" - scenekunst.no

«Invasjon!» krev litt av deg som publikum, men når bodskapen når deg får du frysningar på ryggen»
- Firda

Forestillingene blir også tegnspråktolket!

Venue

Teater Manu