We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Friday
06
APR

Idémyldiring og skepisukeevaluering + middag før fredagsmøtet

16:30
23:59

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Første fredag etter påske (6. april) blir det middag, idèmylding og skepsisukeevaluering før fredagsmøtet:

Har du nye idéar til kva vi i Trondheim kristelige studentlag - Laget skal drive på med, eller ønsker å påpeike kva vi i dag gjer som er bra (eller mindre bra) er dette rette anledningen. Denne fredagsettermiddagen får du både middag og delta i samtale der vi kan drøyme stort om kva Laget skal drive med i månadane og åra som kjem. Vi ønsker å høyre nettopp dine tankar og ønsker for Laget.

Det vil også bli evaluering av Skepsisuka 2018, tilbakemeldingar frå medarbeidarar og andre mottas med takk. Konstruktive tilbakemedlingar kan gjere Skepsisuka 2019 enda betre.

Fredagsmøtet startar til vanleg tid dvs. kl 19.30, og denne gongen vert temaet for talen «Å dele evangeliet i kvardagen». Dette er noko som mange opplever som utfordrande, då kan det vere fint å få nokre gode tips og konkrete utfordringar på korleis du kan dele evangeliet med venene dine i kvardagen.