We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Tuesday
10
APR

COS - KURS

14:00
15:30
Vågsøy helsestasjon
Event organized by Vågsøy helsestasjon

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Vågsøy helsestasjon starter opp COS-kurs 10.april 2018
Kven passar kurset for?
COS-kurs passar for alle foreldre som ynskjer å vite meir om dei grunnleggande behova alle barn har, og korleis ein kan dekke desse behova. Du treng ikkje oppleve vanskar med barnet ditt for å ha glede og nytte av COS-kurs.
Kursdatoar: 10.april, 19.april, 26.april, 3.mai, 8.mai, 15.mai, 24.mai, 31.mai og 7.juni
Tidspunkt: 14.00-15.30
Stad: Måløy
Kurshaldarar: Elin Lesto Larsen, Helga Skartveit og Barbro Silden

Kurset er gratis og går over 8 gonger med ei vekes mellomrom. Kursgruppa er på 6-10 personar. Kurset varer 1,5 timer. Læringa foregår gjennom ein kombinasjon av videoklipp, samtalar, erfaringsutveksling, refleksjon og å prøve terori ut i praksis. Der ein er 2 foreldre er det flott å delta saman. Ein vel sjølv kor mykje ein ønsker å dele i gruppa.
Informasjon og påmelding:
Har du lyst å vere med eller treng meir informasjon? Ta kontakt direkte med helsestasjonen til:
Helga Skartveit tlf 456 38 312,
Elin Lesto Larsen tlf 974 97 138,
eller bruk søknadsskjema på Vågsøy kommune sine heimesider (Tenester A-Å)


Kva er hensikta med COS-rettleiing?

• Betre forståing av barnet sitt behov, og gjennom det betre
omsorgen for barnet.
• Hjelpe deg som omsorgsperson å forstå kvifor barnet oppfører
seg som det gjer, og korleis barnet kan få hjelp på ein
utviklingsstøttande måte.
• Hjelpe barnet til å utvikle god sjølvregulering og sosial
kompetanse
• Førebygge og betre tilknytnings-vanskar mellom barnet og deg som omsorgsperson.

Velkommen