We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Thursday
12
JUL

Bendik opnar Våt Moro!

19:00
03:00
Våt Moro
Event organized by Våt Moro

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Billettsalet startar 14. mai. Konserten har fri aldersgrense, med eige område for dei under 18.

Prisar:
• Inngang u/18 – kr 150
• Inngang o/18 kun AfterSea torsdag – kr 295
• AfterSea festivalpass (torsdag, fredag og laurdag) – TBA

- - -

Sterke kontrastar har alltid vore ein viktig del av Bendik sitt univers. Det er ei jente med ein gut sitt namn. Det er såre tekstar i mektig innpakning. Musikken vert driven av få musikarar, men høyres ut som eit orkester.

Singelen «Perfekt» vart sluppe 26. januar på Petroleum Records, og er første låt ut frå hennar kommande album. Låta vart vekas låt på NRK P3 der den fortsatt er i høg rotasjon.

«Det har gått lang tid siden forrige gang jeg ga ut ny musikk og mye har skjedd siden da. Hver dag jobber jeg med å ha det bra og denne låten beskriver noe av det som gjør at jeg har det bedre enn på lenge»

Sidan Bendik, eller Silje Halstensen som ho eigentleg heiter, for alvor begynte å markere seg i 2012 har ho gjeve ut fleire kritikarroste album og spelt hundrevis av konsertar. Den hyppige turnévirksomheita kombinert med Siljes formidlingsevne har bidratt til å gjere Bendik-konsertane til noko heilt unikt. Publikum og presse har lete seg rive med av ho og bandet, og i både 2013 og 2015 vart Bendik nominert til årets liveartist under P3 Gull.

Bendiks nye singel kjem nesten to år etter hennar forrige album, Fortid, som gav henne fleire låtar i høg radiorotasjon og hennar andre Spellemann-nominasjon på tre år.

https://bendikofficial.com
https://instagram.com/bendikofficial
https://facebook.com/bendikofficial

Venue

Våt Moro