We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Sunday
15
APR

Jordalen

09:00
17:00
Voss Utferdslag
Event organized by Voss Utferdslag

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

3 toppar på ein dag?

Turen denne dagen går til Øyastølsfjellet og Fyresnipa.

Me startar på parkeringsplassen ved Nåsen ca 600 moh. Heri frå går turen i lett terreng mot Berdalen og Øyastølen. Vidare opp til Øyastølsfjellet på 1342 moh. I området her tek me ein pause for påfyll av mat og drikke, medan me nyt utsikta i alle retningar. Etter det går turen vidare til Fyresnipa på 1461 moh. Me tek same ruta tilbake til Øyastølsfjellet og ned til Tveraldshalsen 958 moh . Har me meir krutt i beina så tek me turen oppom Vetlafjellet 1290 moh før me vender nasen mot parkeringa igjen.

Samla lengd på turen til dei to fyrste toppane er ca 15 km, og ca 800 høgdemeter. Ein middels tung tur - i eit roleg tempo.. Føremon med fellar til turen opp for å spare krefter. Hugs nok klede, mat og ekstra drikke.

Oppmøte Holbergplass / Park Hotel kl 0900. Me køyrer i privatbilar. Pris kr 150,- til sjåfør. Attende på vangen ca kl 1700. Turleiarar Toril Hunnålvatn 959 23 065 og Jean Christophe Scouranec 939 65 538

( foto: Bodil Atterås )