We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Friday
24
AUG

Jotunheimen

17:00
21:00
Voss Utferdslag
Event organized by Voss Utferdslag

Get Directions

Category
#var:page_name# cover

Helgetur til Gjende og Memurubu

Surtningssue (2368 moh): Noregs sjuande høgste fjell, og kjent for eit fantastisk utsyn. Knutshø (1517 moh): Besseggen sin tøffe ”lillebror”.

Vi køyrer i privatbilar til Beitostølen fredag 24.08. Avreise frå Voss kl. 1630, og vi reknar med å vere framme ca. Kl. 2030. Vi overnattar i campinghytter denne fyrste natta.

Laurdag: Tidleg opp laurdags morgon. Vi pakker tinga våre, og gjer oss klare til å reise til Gjendesheim der vi skal ta Gjendebåten kl. 0830. Når vi kjem til Memurubu legg vi frå oss bagasjen på Memurubu turisthytte, og så set vi kursen direkte mot Surtningssue. Turen startar med bratt oppstigning frå turisthytta, men etter kvart blir det slakare. Undervegs mot toppen kjem det fleire bratte parti, men ingen av partia er spesielt utsette og luftige. For å variere litt, går vi truleg vegen om Memurudalen tilbake til turisthytta.

Dette er ein krevjande og tung tur. Det er ein oppstigning på ca. 9 km og 1400 høgdemeter. Ein bør ha gått både i motebakkar og på lengre fjellturar tidlegare på sommaren som ei opplading til denne turen. Vi reknar 10-12 timar på turen.

Om kvelden kosar vi oss med ein 3-rettars middag på turisthytta.

Sundag: Vi tar fyrste Gjendebåten tilbake til Gjendesheim, kl. 0855. Derfrå køyrer vi ein kort tur til Vargbakken, der vi startar turen mot Knutshø. Vi går over heile fjellryggen. Over ryggen er det nokre luftige og utsette parti, så dersom det er tåke set vi opp ein alternativ tur. Returen går langs foten av fjellet. Heile rundturen tar ca. 6 timar. Vi returnerer til Voss same dagen, og vi reknar med å vere heime ca. kl. 21.

Prisen inkluderer overnatting på hytte og turisthytte, båt tur/retur, middag laurdag, og frukost og niste sundag.

Ein må sjølv halde frukost og niste på laurdag. Ta òg med lakenpose/sengetøy. I tillegg kjem utgifter til køyring og andre fellesutgifter.

Påmeldingsfrist: 10. august kl. 20. Påmelding via link

Maks tal personar: 14 personar