We use cookies to personalise content and ads, to provide social media features and to analyse our traffic. Read more…
Sykkylven Speidargruppe

Sykkylven Speidargruppe

Speidarvegen, Sykkylven, 6230, Norway

Get Directions

Add phone number

Add link to website

Categories
Work hours Add information
About Sykkylven speidargruppe er den største NSF gruppa mellom Bergen & Trondheim.

Vi har mange kjekke speidara frå 2.klasse og opp til 25år.
Sykkylven Speidargruppe cover
Description Sykkylven speidargruppe har runda 75 år, og er dermed ei av dei eldste speidargruppene på Vestlandet. Med sine rundt 100 medlemmar i alder frå 2. klasse til vaksen, er gruppa livskraftig og vital, med eit omfattande tilbod. Aktivitetane er mange, med fokus på friluftsliv, samfunnsansvar, vennskap og fellesskap.

Speidargruppa har sin faste base i den velhaldne speidarhytta Speidarbo i Skogvegen, og herifra er vegen kort til dei store opplevingane. Sykkylven er eit eldorado for alle som likar seg utandørs, og sykkylvsspeidarane veit å gjere seg nytte av naturen både til fjells og ved sjøen, til alle årstider.
Sykkylven speidargruppe har mykje utstyr til bruk under leirar og utflukter, mellom anna eit sett på åtte kanoar som har gitt små og store speidarar mykje glede. Vi er fast deltakar på lands- og kretsleirar. I tillegg set vi kursen utanlands kvart fjerde år.

Sykkylven speidargruppe vert driven etter speidarmetoden. Det er eit mål at alle speidarar, gut og jente, liten og stor, skal oppleve glede, vennskap, personleg vekst og tilfredsstillinga som det gir å meistre utfordringar på stadig nye område.

Similar places nearby