Les cookies nous permettent de personnaliser le contenu et les annonces, d'offrir des fonctionnalités relatives aux médias sociaux et d'analyser notre trafic. En savoir plus…
Dimanche
06
MAI

Raundalsrekkja

08:00
18:00
Voss Utferdslag
Prestataire d'activité Voss Utferdslag

Comment s'y rendre?

Catégorie
#var:page_name# cover

Raundalsrekkja frå Voll til Skiple.

Buss frå Holbergsplass kl 08.00 til Voll i Raundalen ca 520 moh).

Me skal så ta oss over Olsskavlen (1576 moh), Voss sitt høgaste punkt, vidare til Seldalsnuten ( 1548 moh ), Skipadalsnuten ( 1496 moh )og til slutt Horndalsnuten ( 1461 moh). Herifrå vert det nedkøyring til Skiple me blir henta med buss. Gangdistanse ca 28 km og vel 1900m stigning, så det er ein krevjande tur med total gang- og pausetid ca 10 timar. Ta med godt med mat og drikke, me legg opp til to matpausar, nok kle / klebyte, og godt humør. Me anbefaler fjellski med stålkant og feller, eller lett randoutstyr. Obs: Me kjem ikkje til å finna vatn undervegs, så hugs å ta med rikeleg med drikke.

Pris: medl / ikkje medl: 200,- / 300,-
Kun få ledige plassar. Påmelding via link.
Turen går berre dersom det er gode forhold og lageleg ver, men då er det og ei flott oppleving.

Place du déroulement de l'activité

Voss Utferdslag